
kjære vener! No har eg nett vore på ein kjempekoseleg konsert i ei lita gamal stova i Granvin. Nydeleg,nydeleg! Der spelte blant anna han unge, kjekke mannen de ser her, i tillegg til resten av juniorspelemannslaget i Hardanger. Nei, og nei, de skulle vore der de òg! Då trur eg de hadde vorte frelste!
Elles har eg det bra og er i live
Gudfis
4 kommentarer:
jajaja, gudrun! eg sit no her og trykkjer.
nei - eg sit ikkje på do, viss det var det du trudde. eg trykkjer på tastaturet.
elles skjer ikkje dei heilt store skjønarjelekene i ragnvaldmarka. bunadsskjorta mi nærmar seg fødselen. håpar på å få henne ferdig før 2007.
jau, forresten, eg kom på noko stort som har skjedd i livet mitt. litt stort. eg har gått laus med kjøkensaksa. håret mitt ligg på søppeldynga. rundt 97 prosent av det. nei, 93, viss du reknar med leggar og underarmar... =) fekk so lyst. flaks at eg ser so fortryllande ut med lue! =)
Nei,og nei Krutti. Dette var stort.Eg gler meg til å sjå Rut Gunnar når eg kjem til Volda. Du liknar sikkert på mor di. Dette var stort
I dag er det jolafta. Eg sprang rundt og skrik i dag tideleg fordi eg gledde meg til å opna pakkar!!!!!!!
Takk for den vesle pakken i posten- eg gler meg til å opna den!!!!!!
God jol alle saman. Guri kor koseleg det er .,jhjghjhjeshfg
eg vil ikkje likne på mor mi.
eg har fått jippi-ullundertøy og skifellar og ein kul reisetannkost.
takk for kalendaren! du må hjelpe meg å fylle han inn, gudrun. og ragnhild, viss du fylgjer med i denne straumsamtalen, hjartans takk for ullblomen! eg har ein plan om å feste han til ei hårspenne, slik at eg kan ha han i hårstubbane mine! =) må prøve å sjå litt feminin ut.. =D
å, gudrun! guten i magen hennar gunborg heiter no jonas natanael. so no har me kvar vår! dei fann ut at han måtte få eit namn då dei var vortne leie av å svare på om det er ein gut eller ei jente.
Legg inn en kommentar